Berre Firefox for Android tilbyr så mange måtar
å setja ditt eige preg på den mobile surfeopplevinga di.
Den mest adaptive måten å dela noko på. Snøggdeling hugsar dei nyleg brukte appane dine for å hjelpa deg med å spreia din bodskap akkurat på den måten du ynskjer det.
Sjå korleis det verkar
Tilpass Heim-panela med akkurat det nettinnhaldet du ynskjer, og få beinveges tilgang til favorittkjeldene dine — som Instagram og Pocket Hits —.
Sjå korleis det verkar
Vis Heim-panela dine i den rekkjefylgja du vil og legg til, gøym eller slett dei, etter eige hovud, slik at du når favorittane dine med eitt tastetrykk.
Les meir
Legg til ein søkemotor og vel han som standard. Du kan når som helst byta til ein annan som passar endå betre til dine søke- og personvernbehov.
Sjå korleis det verkar
Få ei betre leseoppleving med Lesevising og Leseliste. Få tilgang til dei lagra artiklane dine sjølv om du ikkje er pålogga.
Les meir om leselista
Endra nettlesarspråk raskt og enkelt, utan å måtta endra innstillingar for heile eininga, eller starta om nettlesaren.
Les meir
Send video- og nettinnhald frå smartmobilen din eller nettbrettet ditt til ein TV som har dei støtta strøymefumksjonane.
Les meir
Vi meiner at din private informasjon tilhøyrer deg. Firefox for Android er full av funksjonar som ser til at det held seg slik.
Surf utan at historikk, søk og infokapslar vert lagra, og blokker skjulte tredjepartar frå å følgja deg på nettet.
Les meir om Privat nettlesingSlett nettlesarhistorikk og passord, med meir, med eit enkelt trykk. Vel kva for private data du ynskjer å fjerna når som helst når du treng det.
Les om korleis du slettar historikken dinDel nettlesaren din med vennar og familie utan å uroa deg for at de ser kvarandre sin Internettaktivitet.
Les om korleis du deler nettlesaren dinTa med deg passorda dine, bokmerka, opne faner og mykje meir, overalt der du er. Bruk Sync på smartmobilen din eller nettbrettet ditt for å koma til det du treng frå nettlesaren din på datamaskina di, og motsett, utan å måtte hugsa alle nettadressene.
Les meir om Sync